Innbøslekta fylte opp to salar på Fitjar bedehus.

Innbø-slekta var i ettermiddag samla til slektsstemne på Fitjar bedehus.

Mellom 160 og 170 små og store frå Innbø-slekta var samla til slektsstemne på Fitjar bedehus i dag.
Stemnet var for etterkomarane til Ole Knutson Rimmereid og Stine Gurine Rimmereid (fødd Siglen). Både Ole og Stine var fødd i 1885. Ole døyde i 1975, medan Gurine levde til 1980, til like før ho skulle ha fylt 95 år. Dei fekk 5 barn som levde opp og som alle busette seg på Fitjar: Kari, som vart gift Rydland, Lars, Knut, Olav og Ingolv. Av desse er det berre Ingolv på 83 år som lever i dag. Etter kvart har slekta vorte stor, med heile 143 direkte etterkomerar. Sjølv om ikkje alle hadde høve til å vera med, var som sagt over 160 stykk med tilknytting til Innbø-slekta samla her denne dagen. Den yngste var vesle Lisa Vikanes, eit av Ola og Stine Gurine sine mange tippoldebarn, som berre er nokre veker gamal.

Stemnet starta med ei lita minnemarkering ved grava til Stine og Ole. Etterpå var det samling på Fitjar bedehus, med velkomst, presentasjon av alle slektningane, middag, kaffi og kaker.

Slekta fekk høyra om slekta baketter, både Stine sine røter frå Siglo og Ole sine røter på Rimbareid. Ole vaks opp, og budde heile sitt liv, på garden Innbø på Rimbareid. I dag er det sonesonen Olav og kona Solveig som bur der på garden saman med son deira Lars Ove og hans familie.

Det vart og vist bilete både av eldre og nyare dato, det var allsong og songinnslag.

Dagen var vellukka, og mange syntes det var kjekt å treffast på denne måten. Mykje arbeid ligg bak eit slikt slektsstemne, men dei som sat i komiteen var godt nøgde både med gjennomføringa og frammøtet. Mange fekk større kunnskap både om opphavet sitt og slekta si, og dei fekk kjenna på at dei er mange; mange med felles røter.

«Stor arv det er for mannen av godt folk vera fødd.»

Innbøslekta fylte opp to salar på Fitjar bedehus.
Direkte etterkomerar etter Ole og Stine Gurine.
Direkte etterkomerar etter Ole og Stine Gurine.
Allsong.
Allsong.