Biblioteksjef på Tysnes, Knut Rage, heldt i ettermiddag kurs i slektsgransking på Fitjar folkebibliotek.
Mange var det ikkje som nytta seg av dette høvet til å læra om slekta si. Men dei som møtte fekk gode råd og nyttig rettleiing om vegane å gå når ein skal ta fatt på dette.
Dei fekk òg med seg nokre «fjellvitreglar» for slektsgranskinga.
- Noter alltid kjelder.
- Bruk kjeldekritikk.
- Ver systematisk.
- Ikkje gap over for mykje.
- Nokre ting får du aldri svar på.
- Ver nøyaktig og tolmodig.
Tips om kvar ein finn gode kjelder, og ein del nyttige internettadresser, vanka det òg.
Til slutt fekk deltakarane sjå litt på ymse dataprogram – og rettleiing i korleis ein skal ta seg fram i Digitalarkivet.