Trass i ein kald og sein vår er det tid for slåttonn.

På Kalveid begynte Bård Inge Sørfonn med slåtten for ei veke sidan. Han seier at graset hadde begynt å skyte og sette då i gong. Godversperioden i juni gjorde godt i enga, men det var ikkje nok til å få like stor avling som i fjor. For lite væte virka inn på voksteren. Elles nemner Bård Inge at litt frostskader og har redusert avlinga. No ventar han berre på mannskapet som skal balle resten av slåttemarka.

Ein annan bonde, Lars Ove Rimmereid, greier ut om potet- og grasdyrking. Han sette den tidlege sorten med poteter 22. april. To veker seinare sette han resten. Potetsortane spirte om lag på same tid, så jorda var nok ikkje klar ved første setjing. Den fem mål store potetåkeren kan sjåast når du køyrer over Rimbareid; eit vakkert syn med alle fòrene der potetene spirer jamt og fint. Lars Ove reknar med å starte forhausting komande veke. Regnet dei siste dagane har gjort godt for grasvoksteren, seier han.                                         

Neste veke vil me nok høyre duren av traktor og haustemaskiner frå morgon til kveld på dei fleste gardane i bygda.