To unge menn rauk saman i Fitjar laurdag kveld.

Kl. 2338 laurdag kveld fekk politiet melding om ein slåstkamp på Fitjar. To menn i byrjinga av 20-åra var involvert. Den eine hadde fått nokre slag i ansiktet og fått skade på fleire tenner.

– Forholdet blei meldt til politiet, og saken blir etterforska vidare ved Stord lensmannskontor, fortel Svein Sørensen, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.