Politiet rykte i går ettermiddag ut til Svartasmogområdet i det vart meldt om slåstkamp.

Det heile skjedde rundt 14.30-tida, og det var to utlendingar som var ueinige.

– Då politiet kom til plassen var partane framleis hissige, men etter mekling vart diskusjonen avslutta, og partane vart overlatne til plass med tilsyn. Det heile starta truleg med påstand om tjuveri av eit busskort, melder operasjonsleiar Johan Inge Særsten ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.