Karvel Strømme meiner at Fitjar-potetene, og fitjarkonene som sette dei, bør heidrast med statue. Sjå lesarinnlegget hans nedanfor.

Ærast den som ærast bør!

Ved avslutninga av kabareten vår (Osternes mannskor) «Håtta du», tok eg meg den fridomen å retta merksemda mot Fitjar-poteten. Eg trur eg sa noko som dette, då eg heldt opp ein potet og synte publikum: «Denne har berga fitjarbuen gjennom fleire generasjonar!»

Fleire innslag i kabareten handla nettopp om dette:  Fitjarbøndene som dyrka dei kjende «Fitjar-potetene», og drog til Bergen i flakabåtane, full-lasta med dei dyrebare produkta.

Salet i Bergen skulle skaffa dei kontantar til innkjøp av andre viktige varer. Det var helst mannfolka som drog til «byd’n», men det var ofte konene som sleit i åkeren.

Potetfarten, og dermed også mannfolka, har fått mykje merksemd, mellom anna med ein eigen film om temaet. Poenget mitt var, og er framleis, at Fitjar bør gjera ære på denne tida, desse menneska og denne næringa!

Går du inn på heimesidene til mange av kommunane langs norskekysten, ser du at dette er blitt gjort. Kjem du til Bekkjarvik, står «Sildajento» på bryggja, laga av kunstnaren Lars Mæland og avduka av dronning Sonja i 2009.

Skal me gjera noko tilsvarande i Fitjar, må det bli ei «Fitjarkone»! Ho må stå der, med skaut på hovudet og eit potetgrev i handa. Ved sida av seg må ho ha ei bøtte eller ei kipe, og så må me ikkje gløyma poteten sjølv.

Eg ser ho for meg, i full storleik, ståande på den grøne bakken i svingen opp mot kyrkja, på eit opphøgd fundament, så ho blir godt synleg, og gjerne med ein liten, hellelagd plass rundt.

Eg legg fram denne tanken igjen, i håp om at fleire kan sjå at dette er noko Fitjar-bygda bør realisera. Me har gjort ære på vår fjerne fortid, med Håkonar-minnet. No er det på tide å gjera ære på vår nærare fortid, på ei næring som berga våre forfedre gjennom tronge tider!

Med helsing

Karvel Strømme