Babysong og småbarnstreff inviterer til gjenbruksdag på Fitjar bedehus onsdag 20. mars.

Det går mot vår og det er tid for å rydda i garderoben. Ungane veks fort og rekk sjeldan å slita ut dei klea dei har. Då er det kjekt at andre kan bruka dei, og det ynskjer babysong og småbarnstreff å leggja til rettes for. 

Som vanleg vert det først vanleg småbarnstreff og babysong med songstund og nistemåltid, før det vert sett fram bord, og ein pakkar fram det ein måtta ha funne heime og som ein ikkje har bruk for lenger. Klesplagg og ev. leiker vert selt for symbolske 10,- pr. stk. Pengane går til drifta av småbarnstreff. Ting med større verdi som beremeisar, vogner o.l. set eigarane sjølv ein fornuftig pris på og sel sjølv. 

Alle som har noko dei små har vakse ut av og som dei ikkje har bruk for lenger kan ta dette med og leggja det fram. Ting som ikkje vert selt må kvar einskild ta med seg heim att. 

Alle som ynskjer det, og dei som ikkje går på småbarnstreff eller babysong, er velkomne innom gjenbrukssalet som varer frå ca. kl. 11.30-12.00. Babysongkurset er godt i gang og tek ikkje imot fleire deltakarar, men dei som har med seg ungar under skulealder og som ynskjer det kan vera med på songstunda på småbarnstrettet kl. 10.30. Då sit ein i ein ring på golvet, syng, lyttar til musikk, spelar og har regler saman. Etterpå vert det servert kaffi, te og saft, så ta gjerne med niste og kopp. Tøflar eller tjukke sokkar kan det og vera lurt å ta med, for det er ikkje lov med utesko inne på desse treffa.