Natt til søndag blei politiet tilkalt til ein heim i Sagvåg der to brør slost.

– Den eldste av brørne, i slutten av tenåra, ville ikkje slutta å slåst sjølv om politiet kom til staden. Den unge mannen, som også var rusa, blei kjørt til drukkenskapsarresten i Haugesund, innsett og anmeldt, opplyser operasjonsleder Svein Roald Vikse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.