Fitjar Skyttarlag er i ferd med å få nytt klubbhus på skytebanen i Årskog.

Der det berre var ein grunnmur torsdag morgon, står det no eit flott, nytt klubbhus på skytebanen i Årskog. Slik går det når kompetente folk med godt utstyr og mykje pågangsmot samlar seg til dåd.

Gisle Vik i skyttarlaget fortel at det eigentleg er eit gammalt prosjekt frå 1990-talet som no blir sluttført. Klubbhuset var byggjetrinn 2 i planen for skytebanen. Tidlegare i år løyvde Fitjar kommune 200 000 kr til prosjektet, og dermed gjekk skyttarlaget i gang for fullt. I mai blei grunnen støypt, og i slutten av juli blei det lagt bjelkar og golv i 1. etasje.

Torsdag morgon kl. 09.00 samla eldsjelene seg for alvor, og i løpet av tre hektiske dugnadsdagar har dei fått opp vegger og takstolar, og plata og kledd heile huset med vindtett papp. Det meste av bordkledninga er og kommen opp; mesteparten av den blei malt i førre veke. Og taksteinen blei løfta opp på taket med kranbil frå Engevik & Tislevoll laurdag kveld. Hadde ikkje regnet komme og gjort arbeidsforholda ufyselege, hadde nok taksteinen og komme på plass i helga. Men når 10-15 skyttarar samlar seg, går det varmt for seg både på den eine og den andre måten. Før me veit ordet av det, er nok taket ferdig.

Heile prosjektet er kostnadsrekna til rundt 1,8 millionar. Av dette er rundt 1/3 spelemidlar og 1/3 dugnadsinnsats. Gisle Vik fortel at prosjektet ikkje kunne blitt realisert utan dugnadsinnsatsen. Heller ikkje utan samarbeidet med den lokale entreprenøren Engevik & Tislevoll, som har stilt med stillas og mykje anna utstyr. Gisle ønskjer og å nemna smeden Tor Midtsæter som har laga og fått galvanisert metallsøylene som delar av golvet står på.

Då er det berre å håpa at smikka held seg vekke; då me var på besøk laurdag kveld, var det skikkeleg ufyseleg.