I helga er det storstilt skyttarhelg i Sunnhordland. Det er banestemne på fire plassar. To på Bømlo, pluss Stord og Fitjar. Og det er svært mykje god skyting å følgje med på.

Stemneleiarane Gisle Vik og Kjell Kristian Midtsæter kan fortelje at det premiering på kvar bane i tillegg til samanlagt, at det er deltakarar frå heile Vestlandet frå Jæren til Voss – og at deltakarene stiller i alt ifrå klassen frå rekrutt 10 år til V73 (Veteranar frå 73 år og oppover). 

Fitjarposten vil på måndag  kome tilbake med større reportasje frå Sunnhordland-treffen, som stemnet heiter. Me kan allereie no røpe at me møtte ein tidlegare skyttarkonge, ein nybyrjar som skaut fullt hus – og mykje skryt over det flotte skyttaranlegget me no har fått i Fitjar.

Stemnet er ope for dei som vil sjå på, og det er vel verdt å ta turen ut om du har lyst å følgje med på skytinga. I det nye klubbhuset kan du sitje inne og følgje det heile på storskjerm.