Rimeleg bra deltaking under Skytingens Dag på skytebanen i Årskog i går, fortel Knut Vik i Fitjar Skyttarlag.

Knut Vik fortel til Fitjarposten at vel 20 deltakarar frå 9-10-årsalderen møtte opp på skytebanen i går. Det hadde vore plass til fleire, seier han, men arrangørane er fornøgde.

Det blei skote eit program på 15 skot, under kunnig rettleiing. Etterpå blei det delt ut av diplom og gåve frå skyttarlaget.

Skyttarlaget nytta òg høvet til premieutdeling for innendørsskytinga i vinter og for 17. mai-skytinga. Det var i alt 53 pokalar som skulle delast ut, så Knut Vik reknar med at dei fleste gjekk vel fornøgde heim frå skytebanen i går.