I Haugesund kan dei reisande no kome til Bergen for ein 100-lapp dersom ein har periodebillett, takka vere Rogaland fylkeskommune. Skyss seier derimot nei til ei tilsvarande løysing mot Bergen.

Stord24 skreiv denne veka om fylkespolitikar Per Jarle Valvatne (Ap), som sendte eit brev til fylkesadministrasjonen, der han påpeika det dårlege rutetilbodet sørover frå Sandvikvåg, samanlikna med det hyppige tilbodet frå Halhjem og til Bergen.

Valvatne spurte fylket om å auke frekvensen, slik at reisande på Stord lettare kan nytte seg av Skyss sitt samanhengande rutetilbod frå Sunnhordland til Bergen, som no er blitt ein mykje billigare reisemåte grunna ny soneinndeling og gratis ferjetur for dei utan bil.

Stord24 har spurt Skyss om ein tilbakemelding på spørsmålet til Valvatne. Dei opplyser at rutebussen som går via Sandvikvåg i dag, primært er ei linje meint for skuleskyss og korrespondansar mot ferja frå Jektevik.

Skyss kan ikkje love noko betre tilbod på linja, grunna for lågt passasjergrunnlag.

– Det vil vere mogleg å auke frekvensen på linje 671 for betre korrespondanse mot linje 700 Leirvik-Haugesund dersom ein får økonomiske rammer til dette. Me vurderer likevel at det ikkje er passasjergrunnlag stort nok til å tilrå dette, seier Camilla Lundberg Berntzen, pressekontakt i Skyss.

Ho understreker at det likevel er eit alternativ å bruke 671-linja for dei som vil reise til Sandvikvåg.

– Det er ikkje lagt opp til korrespondansar mot ferje på Sandvikvåg, men det er overgangsmoglegheiter som vil innebere noko ventetid.

Sjølv om rutetilbodet mot Sandvikvåg er dårleg, er det svært mykje billigare enn Kystbussen, der billetten frå Leirvik til Bergen kostar over tre gonger så mykje.

– Bakgrunnen for prisforskjellen er at Skyss sine prisar er basert ut frå store offentlege subsidiar, medan Kystbussen er ein rein kommersiell aktør utan noko form for subsidiar, seier produktsjef Svein Helge Hauge i Tide, som driv Kystbussen.

Denne veka skreiv Haugesunds Avis at kollektivselskapet i Rogaland, Kolombus, har inngått samarbeid med Kystbussen om å innføre ein kraftig rabatt for reisande mellom Haugesund og Stavanger. Har ein sonekort, kan ein få denne turen til 100-lappen.

Hauge i Kystbussen er positiv til å inngå eit tilsvarande samarbeid med Skyss om strekninga Stord-Bergen.

– Me har fått til eit samarbeid med Kolombus som rettar weg mot spesielt pendlarar mellom Haugesund og Stavanger, og eit felles ønskje om å tilby eit forbetra mijøvenleg tilbod. Ønskjer Skyss å sjå å ei tilsvarande løysing, er me naturlegvis opne til å sjå på eit mogleg samarbeid med dei også.

Men Berntzen i Skyss gir heller ikkje i denne saka mykje håp.

– Skyss har i dag eit samarbeid med Kystbussen, men dette omfattar berre 30-dagars ungdomsbillett. Samarbeidet inneber at reisande med Ungdomsbillett kan nytta Kystbussen mellom Bergen og Haugesund. Det er ikkje planar om å utvida samarbeidet til å omfatta andre billettyper/kundekategoriar, seier ho.