Framdøra på bussen har vore stengd sidan mars. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Korona gir nye betalingsløysingar for buss og båt, går det fram av ei pressemelding frå Skyss/Kringom fredag 20. mars.

Med stopp i manuelt billettkjøp på bussar og båtar i Vestland fylke har alternative metodar for betaling kome rekordraskt på bordet, skriv Skyss i ei pressemelding. Manuelt billettkjøp vart som kjent stoppa tidlegare i veka av smitteomsyn.

Skyss/Kringom tok onsdag i bruk Vipps for reisande på buss og båt i Sogn og Fjordane. I ettermiddag er appen Skyss Billett opna for sal av båtbillettar i Hordaland.

Du kan no kjøpe mobilbillett på følgjande båtsamband:

  • Nordhordlandsruta (Knarvik-Frekhaug-Bergen)
  • Sunnhordland-Austevoll-Bergen
  • Lokalbåt Austevoll
  • Reksteren–Våge–Os 
  • Rosendal–Bergen
  • Hellesøy–Hernar
  • Espevær–Eidesvik

(Merk at Askøyruta ikkje ligg under båt, sidan den høyrer til buss/Sone A)

Det er mogleg å kjøpa enkeltbillett (unnateke gruppe, familie og tur/retur) og periodebillett. Det er ikkje mogleg å kjøpa kombinasjonsbillett (buss + båt).

Slik kjøper du båtbillett:
1. Opne Skyss Billett-app
2. Trykk på «Endre»-knappen ved «Buss og bybane» og vel «Båt»
3. Skriv inn frå og til ønskt båtkai
4. Vel riktig billett og betalingsmåte
5. Motta billetten

Du treng ikkje å oppdatera appen, men det kan vera naudsynt å lukka og opna appen første gongen. Sjå elles heimesida til Skyss.