For å gje reisande eit betre tilbod, endrar SKYSS rutene i Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio frå 1. mai. For Fitjar sin del handlar det om å sikre at bussar til dei vidaregåande skulane skal vere framme til rett tid.

 – No er det viktig at reisande sjekkar sine ruter og gjer seg kjende med endringane, seier direktør Oddmund Sylta i Skyss.

Skyss tok over ansvaret for kollektivtrafikken i kommunane Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio frå
1. juli i 2008. Til tross for fleire rutejusteringar har ein ikkje klart å gjere tilbodet tilfredsstillande.
– Men no har vi har fått oversikt over kvar utfordringane er størst, og då kan vi gjere dei endringane som er nødvendige, seier Sylta.

Skyss lovar no at så langt som det er praktisk mogleg skal alle reisande kunne kome seg på jobb eller på skule som planlagt.

Det er lagt ut detaljert informasjon om endringane på skyss.no.