Papirskulpturen med lys, som vart laga under kunstprosjektet til kulturskulen, er no på plass i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Ein må retta blikket oppover for å få auge på den flotte skulpturen, som er plassert over inngangspartiet inne i foajeen. Skulpturen tek seg aller best ut når det er litt dunkelt, så ta gjerne ein tur for å sjå på den på kveldstid. Då er den synleg både frå innsida og utsida. Den blinkande lyskjeda som er ein del av skulpturen gjev flott liv og spenning i papirskulpturen.