Harald Rydland. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Gruppeleiar i Fitjar KrF, Harald Rydland stilte spørsmål om flyttinga av 7.klassane frå Øvrebygda- og Selevik skule til Rimbareid skule.

På budsjettmøte i desember vedtok Fitjar kommune å flytta 7.klassane frå Øvrebygda- og Selevik skule til Rimbareid skule. Dette skal skje alt til hausten.

Harald Rydland stilte desse spørsmåla:

  1. Korleis er det planlagt å gjennomføra flyttinga når det gjeld plassering i elevgrupper, og evt. nye grupperingar året etter når dei skal over i ungdomsskulen?
  2. Har dei 7.- klassingane som kjem frå Øvrebygda og Selevik fått tetta eventuelle hol i pensum før dei kjem til Rimbareid?
  3. Kva økonomiske konsekvensar får det for kvart einskilt år i økonomiplanen om ein vel å behalda 7.- klassane i Øvrebygda og Selevik?

Rydland skriv i brevet til rådmannen at kommunestyregruppa i Fitjar KrF meiner vedtaket om å flytta 7.klassane er uheldig. Dei vil sjå på om dette vedtaket kan gjerast om i samband med revidert budsjett, eller før den tid om det let seg.

To alternativ til organisering

I formannskapet i går svara skulesjef, John Karsten Raunholm, på spørsmåla frå Harald Rydland.

Han fortel at administrasjonen i Fitjar kommune held seg lojal til dei politiske vedtaka som er fatta, og at det ligg til rådmannen sine fullmakter å tilpassa organiseringa i tråd med desse.

Når det gjeld sjølve overflyttinga er det diskutert to alternativ. Enten at ein blandar elevane i frå Øvrebygda og Selevik inn i dei eksisterande klassane på Rimbareid hausten 2019. Hausten 2020 vert dei so overført til ungdomstrinnet og sett saman på nytt.

Alternativ 2 er at ein sett saman klassane på nytt når elevane frå Øvrebygda og Selevik vert overført hausten 2019.

Foreldre/føresette har fått koma med innspel, og blant anna FAU ved Øvrebygda skule er bekymra for alternativ 1.

Skulesjefen kunne opplysa om at ein enno ikkje har tatt ei avgjerd om kva alternativ ein går for.

Pensum og økonomi

Lærarane ved 6.klassane på dei tre skulane har hatt eit møte saman om pensum. Her fann dei ut at den faglege samankøyringa kjem til å gå fint. Opplegga ved dei ulike skulane har vore relativt like. I samfunnsfag og naturfag har dei jobba etter litt andre planar på Selevik skule, men etter dette møtet har dei gjort justeringar.

Når det gjeld økonomi vil det verta ei samla auka kostnad på kr. 2.037.900,- i økonomiplanperioden om ein reverserer vedtaket på å flytta 7.klassane.

Flyttinga vil få bemanningsmessige konsekvensar. Dette er våren 2019 planlagt og iverksett i tråd med lov- og avtaleverk. Etatsjef for oppvekst- og kultur har saman med hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet gjennomført ein prosess i høve  overtalligheit ved Øvrebygda skule. 1,7 stilling ved skulen er frå hausten 2019 overført til dei andre skulane i kommunen.

Skulesjefen kunne opplysa om at flyttinga av 7.klassane vert ei sak i utval for oppvekst og omsorg seinare i april.