Tradisjon tru sel skulekorps-musikantane i år og adventskalendrar for å skaffa inntekt til korpset.

Skulekorpset med sine 34 musikkantar og 9 aspirantar tel no fleire medlemmer enn på lenge. Dette krev m.a. fleire instrument og eit større budsjett. Korpset har ei eiga nemnd som jobbar med å skaffa pengar til drifta av korpset. Denne nemnda har allereie tenkt på advent og jul lenge, og er no klare med adventskalendrar og julelotteri. Kalendrane er populære og er ei viktig inntektskjelde for korpset. Lokale bedrifter har sponsa kalenderen med flotte gevinstar, og musikkantane er no klare til å gå rundt i bygda å selja dei.

Adventskalendrane kostar 100 kroner stykke. Sjølve utforminga er den same som i fjor og er signert Karl Olav Lunde. Kvar kalender har eit unikt nummer øvst i høgre hjørne, og det er blant desse nummera det vert trekt ut ein vinnar kvar dag frå 1.- 24. desember. Vinnarnummera vert annonsert i Sunnhordland og her på Fitjarposten. Er ein heldig og vinn må ein henta gevinsten på kundetorget i kommunehuset innan 07.01.10. Ein må då sjølvsagt ta med seg kalenderen.  Har du ikkje høve til å henta gevinsten sjølv kan du ta kontakt med Kari K. Prestbø i økonominemda i skulekorpset på tlf 53 49 79 13 / 41 40 28 45

Musikantane håpar dei vert godt mottekne når dei kjem rundt på dørene, og dei mest ivrige er nok allereie godt i gang med salet. Dersom du ikkje får besøk av kalenderseljande musikantar kan du likevel støtta korpset ved å kjøpa kalender på Joker eller på Hårloftet. Du kan og kjøpa kalender eller skrivelodd under julelotteriet som finn stad hos Larsen 12., 27. og 28. november. I julelotteriet er det og mange fine gevinstar og hovudgevinsten der er ein fiks ferdig adventskalender.

Korpset tel no over 30 musikantar, i tillegg til 9 aspirantar.