Fredag morgon reiste 23 musikantar frå Fitjar skulekorps med buss til Kristiansand for å vera med på Sørlandets musikkfestival.

Det var ein spent gjeng som sette seg i bussen fredag morgon: 18 musikantar frå hovudkorpset, 5 aspirantar, to småsøstre, 13 stolte foreldre og ein strålande blid bussjåfør. Men aller mest spente var kanskje dei foreldra som stod igjen på parkeringsplassen og vinka til dei som reiste.

Første stopp var ved Åkrafjordtunet, der me fekk servert påsmurde baguettar sponsa av ESS Support service. Nokre skaffa seg og litt nødproviant før turen gjekk vidare over fjellet. På Hovden var det pause med bading  og middag på i badeland. Alle ungane, og ein del vaksne, koste seg i oppvarma basseng både inne og ute, søkte spenning i skliene og slapte av i boblebassenga. Så stod hamburgar og pommes frites på menyen før bussturen gjekk vidare sørover. Ungdomane sov bak i bussen, mennene rigga seg til med spekemat-buffe, damene prata og ungane haldt på med alt mogleg. I Kristiansand vart me innlosjert i klasserom på Justvik skule saman med bl. a. Huglo skulekorps (generasjonskorps).

Musikkantane i korpset har i den seinare tida hatt ein periode med øvingsskjema som dei har leverd inn. Det vart gjort stas på dei som har gjort ein spesielt god innsats her, og Ingvild Prestbø, Borgny J. V. Tufte og  Eva Marie V. Tufte fekk diplom for å ha øvd mykje. Eva Marie kom heilt på toppen, og fekk i tillegg til diplom og ros for stor framgang og ein mp3 i premie.

Laurdag morgon vart mange vekt av brannalarmen, og kom seg då kjapt opp av soveposen. Det brann ikkje, det var berre nokre mødre som hadde dusja… Ute skein sola og alle korpsa skulle samlast i Kristiansand sentrum til fellesøving, marsjering og speling. 

Aspirantane, småsøstrene og nokre leiarar reiste med tog til Odderøya for å delta på aspirantseminar der. Seminaret vart leia av ei svært musikalsk og pedagogisk dyktig dama ved namn  Birgitte Grong. Ungane fekk delta i samspel, både etter notar og etter gehør,  og marsjera saman med 200 andre aspirantar frå heile landet. Det var 3 timar med intens øving, før dei marsjerte spelande inn til torget i Kristiansand der alle dei andre korpsa var samla og varaordføraren ynskte velkomen. Her var det det store aspirantkorpset som stod for musikken med sin aspirantfanfare, musikk og song og ein marsj.

Skulekorpset marsjerte vidare saman med Huglo skulekorps for å halda ein minikonsert ved enden av Marken. Her spelte 3  korps for kvarandre og publikum. Som alltid var det kjekt å høyra på skulekorpset, og dei fekk stor applaus. Det var litt ekstra utfordringar pga kraftige vindkast, men med nokre vaksne som tok i bruk både armar og bein var dei fleste notane på plass under heile konserten.

Om kvelden var det grilling og underhaldning på Odderøya. Fin plass, rask servering og grei mat, men underhaldninga (musikken) fenga lite og ungane ville helst tilbake til skulen og leika der saman med kvarandre.

Søndag morgon kom regnet. Først som duskregn, seinare i "bøtter og spann". Det var tidleg avreise til Dyreparken, der korpset skulle delta med Easy popsuite i ein underhaldningskonkurranse saman med 15 andre korps på utescenen ved Kardemommeby. Dei marsjerte flott på plass i plaskregent og leverde verkeleg under den musikalske framføringa. Det var lite publikum, bortsett frå domarane, men det stod mange stolte foreldre og kurde under trea. Det publikumet som var svingde med og applauderte iherdig, og som bussjåføren sa så var det ingen andre korps som spelte så reint som desse frå Fitjar. Det var og andre som skrytte av framføringa, og folk som var meir objektive og som ikkje hadde høyrt dette korpset før. Det var eit stort steg å ta, og mykje øving ligg bak deltakinga og  til tops i konkurransen nådde dei ikkje. Men dei kan vera stolte av prestasjonen, og  som så ofte ellers så var det viktigaste å delta!

Til slutt var det litt fritid i parken. Nokre var mest opptekne av å sjå på dyra, andre ville ta tømmerrenna og andre aktivitetar, og nokre var mest opptekne av å få noko varmt i kroppen. Alle i korpset var etterkvart heilt gjennomblaute, dei stod over fellesnummeret  i parken og tok heller tidlegare avreise enn planlagt.

Etter ein bedre pizza på Peppes var alle våte ungar og vaksne på plass i bussen igjen for å køyra om kysten heim att. Nokre var heldige og hadde klesskift med seg inn i bussen, og alle fekk uansett av seg dei våte skona som sa "splash, spalsh" når ein gjekk. Ulike filmar, og brus, chips og frukt sponsa av Vik og Sandvik var med å gjera at ein følte at heimturen gjekk snart.

På tross av ei våt avslutting var det ein kjekk tur, og alle såg ut til å kosa seg, både musikkantane og dei andre som var med. Musikkantane oppførde seg eksemplarisk, og det gav ein god og positiv stemning på turen. Korpset er fullt av flotte og kjekke ungar og ungdomar! No tar korpset sommarferie, men formannen minna om at instrumenta ikkje må ta ferie heile sommaren likevel, då vert det tøft for dei som mot slutten av ferien skal delta på sommarkurs, og då vert det tøft å starta igjen når øvingane tar til ved skulestart.

Så var det heim for å sova ut. Mange gledde seg til ei natt i eiga mjuk seng, og å koma heim å fortelja om alle dei kjekke opplevingane på turen. Livet skal ha plass for både musikk og idrett, og fleire skulle vera på plass på fotballskulen neste morgon, og nokre tar turen til Kristiansand igjen om nokre dagar for å spela fotball!