Fitjar skulekorps har no fått si eiga heimeside.

Heimesida er først og fremst tenkt som ein informasjonskanal for dei som går i korpset, og dei som har ungar i korpset. Her kan ein lesa om, og sjå bilete frå, turar og andre arrangement, og her kan ein sjå planar og få viktig korps-informasjon. Dei som går i Fitjar skulekorps, dei som er aspirantar og dei som er føresette til musikkantar kan registrera seg som medlem på korpssida, og ein får då tilgang til meir stoff og fleire bilete, i tillegg til at korpset får ein god oversikt over medlemma. Ein trykkjer då på «Bli medlem» og fyller ut skjemaet som dukkar opp. Dei som er føresette skal kryssa av for det, og så leggja inn e-postadressa til ungen/ungane sine. Musikkantane skal ikkje kryssa av i den rubrikken, men kan vidare gå inn å registrera kva instrument dei spelar. Når ein har blitt godkjend som medlem kan ein logga seg inn med den koden ein har og slik få tilgang til alt stoffet på sida.

Det meste av stoffet på heimesida er likevel ope for alle, og sida kan  sjølvsagt og vera interessan for andre ein dei som er direkte knytta til korpset. Her får ein god anledning til å bli kjend med Fitjar skulekorps, og kanskje få lyst til å spela i korps sjølv…

Sida er fortsatt under utarbeiding og det vil koma meir stoff der etter kvart.

Adressa er: www.fitjarskulekorps.no