Fitjarposten har akkurat fått melding om at Fitjar Skulekorps gjekk heilt til topps og vart Noregsmeistrar i 2. divisjon under NM i brass for Skulekorps i Stavanger i helga. Det har berre skjedd ein gong før i korpset si historie. Foto: Astrid Marie Skumsnes

Korpset reiste rett ifrå Stavanger og er no på veg til Tyskland. I skrivande stund er dei i Danmark, og det er full jubel, rapporterer Helga Rimmereid til fitjarposten.no. Ho fortel samstundes at Tysnes vart nr. 1 i 3. divisjon.

Rett etter at dei hadde spelt i føremiddag, skreiv Helga følgjande på sms:

«Gjekk veldig fint. Musikantane er godt nøgde, og dirigenten meiner det er deira beste NM-framføring.»

Det skulle vise seg å halde stikk.

Fitjarposten gratulerer med sigeren.

Mads Mikal og Anette Skumsnes Drønen med premie, blom og premiebevis. Foto: Astrid Marie Skumsnes

 

    page2image8544 page2image8864 page2image9712

Resultat 2. divisjon

page2image10904

1

93

Fitjar Skulekorps, dir Svein Roger Koppang

2

92,5

Kløvheim Skulekorps, dir Jannicke Eide Ellingsen

3

92

Askøy Skolebrass, dir Einar Gjelsvik

page2image22336

4

91

Hellen Skoles Musikkorps, dir Fredrick Schjelderup

4

91

Sandnes Skulemusikk, dir Thorgeir Thunestveit

6

90

Skodvin Skulemusikk, dir Henning Anundsen

7

89

page2image36424

Krohnengen Skoles Musikkorps, dir Helge Haukås

page2image37552

8

87

Brandbu Skolekorps, dir Arne Bilden

9

86

Sevland Skulekorps, dir Svein Henry Robertsen

10

85

page2image48208

Vardenes Skolekorps, dir Jacob Vilhelm Larsen