Både aspirantane og hovudkorpset førebur seg til å opptre på marknaden, og foreldra førebur loddsal, auksjon og matsal.

Alle aspirantane var i dag samla til felles øving før marknaden som er onsdag 9. april kl.19.00 på Øvrebygda skule. Dei øver vanlegvis i grupper på Øvrebygda skule og på Rimbareid skule. I dag øvde dei felles i ein og ein halv time, og sa etterpå at dei var litt rare i leppene, etter ei så lang øving. "Me har aldri spelt så lenge i strekk før", sa Elin. Alle aspirantane har no i starten spelt kornett, og dei har vist svært stor framgang sidan dei fekk instrumenta for eit halvt år sidan. "Me skal spela 3 songar på marknaden, og høgdepunktet kjem til slutt", fortel Oda, Silje, Mari og Guro, men meir ville dei ikkje seia om det. "Folk må koma og høyra!" Medan dei kosar seg med lappar og saft saman med dei andre i korpset fortel dei vidare at dei gler seg veldig masse til å opptre. Er det ikkje litt skummelt å opptre då? "Nei, det er berre gøy", utbryt Silje. "Me aspirantar syns det er veldig kjekt å spela kornett", seier Oda, "og Svein Roger syns at me er veldig kjekke!" Svein Roger Koppang, som både er dirigent for skulekorpset og aspirantane, nikkar samtykkande.

Skulekorpset har pause med saft og kjeks på kvar øving, men i dag var det litt ekstra servering, for å gjera stas på ungane i hovudkorpset som hadde hatt øvingshelg i helga og for å ta imot aspirantane.

Norges musikkorps forbund viste og at dei satte pris på alle dei nye aspirantane ved å dela ut sekk, drikkeflaske og skrivesaker til dei nye korpsmedlemma. Overrekkinga var det leiar i styret for Fitjar skulekorps, Ole Christian Ottestad, som stod for. Ungane nikka, bukka og takka i handa. Det var kjekt å bli gjort stas på. Frå korpsrekkene var det nokon som ropte at slikt hadde ikkje dei fått då dei tok til i korpset….

Dirigenten gler seg over mange og flinke aspirantar og ser fram til at dei etterkvart skal bli med i hovudkorpset, som då kjem til å telja 26 stykkjer. Han ser og med spenning og glede fram til neste år og håpar på mange nye aspirantar då og. Dei held i desse dagar på med å utvida korpset med slagverk, og Sverre og Torstein ser fram til å læra å traktera alle slaginstrumenta. Leiinga ynskjer og å styrkja dei mørkare instrumentgruppene, for å få bedre balanse i korpset. Førstkomande fredag skal Svein Roger ut på verveturne for å oppmuntra fleire ungar til å bli med i Fitjar skulekorps. Skulekorpset og aspirantopplæringa er ein del av kulturskulen. Søkandsfristen for neste år var 1. april, men for nye aspirantar er den fristen utsatt til 26. april.

På marknaden vert det ein konsertavdeling med innslag ved aspriantane, skulekorpset, Fitjar musikklag og eit felles nummer med skulekorpset og musikklaget. Me som var innom øvinga i kveld veit at tilhøyrarane har mykje flott musikk å gle seg til. Under marknaden vert det og auksjon av eldre instrument, anledning til å kjøpa seg kaffimat, det vert sal av årer og tippekonkurranse. Det vert og anledning til å kjøpa lodd på bøkene, og desse vert trekt under markneden. Her kan Kari Konglevoll Prestbø lokka med flotte gevinstar som porselensdokke, høgtrykksspylar, handarbeidsprodukt og mykje meir.

Skulekorpset håpar på ein fullsett gymnastikksal under marknaden. Dei ynskjer alle hjarteleg velkomne, lovar flotte musikalske opplevingar og håpar mange vil vera med å støtta korpset ved å kjøpa lodd og mat.