Korpset er godt i gang med sal av lodd på bøker og inviterer til marknad i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag 14. april. Dei reklamerer med mykje flott korpsmusikk, høve til å kjøpa både middag og kaker samt sal av årer og trekking.

Sjølv om ikkje sjølve marknaden startar før klokka 18.30 opnar dørene og sal av mat allereie klokka 18.00, opplyser skulekorpset. Då kan ein få kjøpt seg betasuppe, pølse i brød og pizzasnurrar i tillegg til kaffi og dei tradisjonelle kakene.

Som vanleg vert det sal av årer med mange fine gevinstar og trekking av bøkene med endå finare gevinstar slik som dukke med full garderobe, lego, kransekaker, strikkeplagg og mykje meir.

Korpsforeldre har sete hos Larsen to dagar no og selt lodd, og laurdag 9. april vil dei vera på plass igjen for å gje bygdefolk og andre høve til å støtta korpset. Dei som etter morgondagen endå ikkje har fått kjøpt lodd i bøkene, kan få gjort det på marknaden.  

Det vert og mykje flott korpsmusikk i gymnastikksalen på torsdag.  Både aspirantane, juniorane og hovudkorpset skal spela litt av sitt repertoar i tillegg til at det vert ei eiga avdeling med Fitjar musikklag.

Det kostar pengar å driva korps og marknaden er ei svært viktig inntektskjelde for skulekorpset. Det trengs stadig pengar til oppjustering av instrumentparken og denne gongen vil og noko av overskotet gå til NM-deltaking i Stavanger i juni. Økonominemnda i korpset håpar mange vil ta middagen i gymnastikksalen denne dagen. Då kan ein slå to fluger i ein smekk, både støtta korpset og få seg ferdiglaga middag. Så når de no skal planlegga meny og køyreskjema for neste veke, så kan de leggja inn marknad og middag i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag ettermiddag. Korpset ynskjer alle hjarteleg velkomne!