Fitjar skulekorps fyller 50 år i år og laurdag 13. november skal dette feirast med stor jubileumsfest og flott jubileumskonsert.

I skrivande stund har musikantane i hovudkorpset i Fitjar skulekorps ekstraøving for å førebu seg til konserten som skal vera i kultursalen laurdag kveld. Festen på ettermiddagen er eit lukka arrangement for aspirantane, juniorane og musikantane i korpset saman med familiane deira, samt nokre ekstra inviterte gjester. Konserten som er klokka 19.30 er open for alle. Konsertbillettar vert selt ved inngangen, og desse kostar 100,-. Barn under 12 år kjem gratis inn. I tillegg til skulekorpset skal og Fitjar musikklag delta på konserten. Dette vert ein historisk konsert med høgare musikalsk nivå enn det korpset har prestert på lenge, og er vel verd å få med seg.