Innføringa av gratis skulefrukt denne hausten kan medføra eit søppelproblem for skular som er med på ordninga.  Avfallsselskapet SIM melder at skulane kan få gratis kjøkenspann til å kasta fruktavfallet i; eitt spann til kvart klasserom i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Skular som treng spann kan kontakta avfallsselskapet. Det gjeld også skular som enno ikkje har avtale om innsamling av bioavfall, skriv Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) i ei pressemelding.

Regjeringa løyvde før ferien 87 millionar kroner for at alle ungdomsskuleelevar i landet skal få gratis frukt på skulen kvar dag. I tillegg vil kombinerte barne- og ungdomsskular også servera frukt til småskuleborna, fortel informasjonsmedarbeidar Torleif Agdestein i pressemeldinga.