Illustrasjon: Statens vegvesen

Pressemelding: Samarbeidsrådet for Sunnhordland er særs skuffa over at fylkesrådmannen i sitt framlegg til uttale til NTP, ikkje prioriterer ferjefri veg E39 mellom Stord og Os.

Fylkesrådmannen ser dermed ikkje ut til å vera oppteken av å skapa gode kommunikasjonar internt i det nye fylket og leggja til rette for vekst og verdiskaping i vår del av fylket.

Dette prosjektet vert av Samferdselsdirektoratet rekna som det klart mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjektet i Vestland fylke og heilt i toppen nasjonalt. Argumentasjonen om høge kostnader som fylkesrådmannen legg til grunn for å utelata prosjekt er korkje truverdig eller rasjonell.

I innspel til NTP har fagetatane vurdert prosjektet som svært aktuelt for lokalt næringsliv å ta del i bygginga av. I ei tid der Covid-19 gjev negative utslag for næringslivet i fylket, og oljeprisen gjev stor utryggleik for leverandør- og verftsindustrien i Vestland, må fylkeskommunen satse på vegprosjekt som gjev sysselsetting i fylket. Hordfast er eit prosjekt som bind saman viktige bu- og arbeidsmarknadsregionar i Vestland. Det er også ein veg som vil auke konkurransekrafta for eksportindustrien i Vestland, og på Vestlandet. E39 Hordfast må difor støttast og prioriterast av fylkeskommunen.

Samarbeidsrådet er nøgd med at fylkesrådmannen peikar på betydninga av å realisere E134 BakkaSolheim og E134 Vågslid-Seljestad. Det må satsast på vegprosjekt som er med og bind det nye Vestland fylket saman, og som også knyt heile landsdelen saman. Samarbeidsrådet i Sunnhordland ser at det i framlegg til uttale er peika på svært mange gode prosjekt frå Bergen og nordover i fylket. Me vonar og trur at fleirtalet av politikarane som skal vedta endeleg uttale til NTP, ser og er opptekne av utvikling i heile nye Vestland fylke.