Det landskjende koret SKRUK kjem til Fitjar førstkomande fredag med konserten SKRUK A CAPPELLA.

Konserten i Fitjar er ein del av ein miniturné på Vestlandet der dei òg har funne plass til Fitjar i programmet. Koret vert som som vanleg leia av Per Oddvar ”Prots” Hildre.

Under konserten vil SKRUK presentere eit utval songar som viser breidda på repertoaret som koret har opparbeidd seg gjennom sine 38 år.

Vi får først og fremst høyre songar frå ei av dei siste innspelingane koret har gjort – Starry Crowns in Heaven. Her finn vi ei rekke kjende og mindre kjende gospelsalmar og negro spirituals som ”I can tell the world”, ”What a friend we have in Jesus”, “Joshua fit the battle of Jericho” og “Elijah Rock”.

– Desse songane har koret studert inn under leiinga av S. Carver Davenport frå New Orleans, ein av dei fremste og mest inspirerande kordirigentane i USA på denne typen repertoar. Turneen inneheld òg smakebitar frå SKRUK på nytt (bedehussongar og salmar), Landet vi kommer fra (songar frå Aserbajdsjan) og Dype Stille Sterke Milde (salmar arrangert av Tord Gustavsen), opplyser presseansvarleg Nils Arne Honningsvåg.

Det er mange år sidan SKRUK vitja Hordaland sist, så her er det berre å nytte høvet, la oppvasken stå, og fylle på med korsong og kultur!

Det vert billettsal ved døra frå 30 min. før konsertstart. Førehandssal av billettar på: Tlf. 911 67 910 eller 481 28 900,