No skal det bli betre å vera hørselshemma i Fitjar kommune. I går vart det markert at skrankeslyngje no er på plass på kundetorget i Rådhuset.

Hørselshemmedes Landsforbund Fitjar/Stord vil likevel, med lova i hand, vera ein vidare pådrivar for at det skal verta betre forhold for hørselshemma. Mellom anna ved at det kjem teleslyngje i kommunestyresalen.

– Men dette er likevel ein god start, sa Willy Arntsen og Olav Andersen i HLF Fitjar/Stord under markeringa i går.

Litt artig er det at noko av det siste tidlegare ordførar Harald Rydland gjorde i si ordførartid, var å gje HLF Stord/Fitjar ei gåve på 3000 kr. I går gav dei 1000 kr tilbake i samband med opninga av skrankeslyngja.

Til stades var òg ordførar Wenche Tislevoll. Ho var glad for at ein no hadde fått skrankeslyngja på plass, og for at ein har snakka om å finne ei løysing med teleslyngje i kommunestyresalen òg. – Men det blir jo ein budsjettsak, sa ho.

Ordføraren la elles til at ein òg jobbar med å få til betre løysingar for andre funksjonshemma. Mellom anna må ein få eit betre inngangsparti med omsyn til rullestolbrukarar, og på sikt heis, slik at denne gruppa òg kan koma seg opp i 3. høgda. I 2. høgda kan ein, når det er tilrettelagt for det, opna døra på baksida av Rådhuset.