I samband med BlimE, NRK Super sin kampanje for omtanke og vennskap, vil elevane i barneskulen på Rimbareid skule dansa i sentrum i dag kl. 12.00.

Kampanjens sitt motto er: «Si hei, vær en venn. BlimE!», og alle skulane i Noreg har fått invitasjon til å dansa i dag kl 12.00.

Det er tre år sidan NRK Super starta BlimE-kampanjen. Målet var å oppfordre barn i Norge til å bry seg om kvarandre.
Kampanjen har bestått av program om venskap, ambassadørar som har fortalt sine venehistorier, ein eigen Blime-song med musikkvideo og «agentar» som har vore ute på BlimE-oppdrag. I starten av kampanjen delte ein ut turkise venskapsband til born som ønskte å vere del av BlimE-ånden. Det vart ein stor suksess – rundt 400 000 armband er delt ut over heile landet! 

Éin av skulane som deltek vil få besøk av årets MGPjr-vinnar, som saman med programleiar Silje vil syngje BlimE-songen – mens den utvalde skulen sine deltakarar vert filma og leiar an i dansen, for resten av landet.