Skogbrannen som braut ut i Dåfjorden i ettermiddag er under kontroll, men brannvesenet vil driva ettersløkking nokre timar utover kvelden.

Då Fitjarposten var på staden i 19.30-tida i kveld, dreiv mannskap frå Fitjar brannvesen på med ettersløkking. Til dette hadde dei god hjelp av Leif Rune Vad og Åge Aadland i Stord brannvesen. Stordabuane henta vatn i vasskjelda i Lønevågen, rett overfor innkjørsla til «vervet» Dåfjorden Slipp. Med ein tank på 8500 liter forsynte dei brannmannskapa frå Fitjar, som stod inne i skogen med brannbilen sin. Dermed kunne dei pøsa på med vatn kontinuerleg, også medan stordabuane var borte i Lønevågen og henta meir vatn.

Brannsjef Tore Nesbø i Fitjar fortel til Fitjarposten at brannen starta ved innkjørsla til Dåfjorden Vassverk, nokre få hundre meter før Sælevik skule. Han seier han ikkje kjenner brannårsaka. Men i politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blir det sagt at patruljen på staden meiner det mest sannsynlege er at brannen er påsett. Det er oppretta sak på forholdet og tips i saka kan meldast til lensmannen i Fitjar.

Det var kl. 13.40 at 110-sentralen til brannvesenet blei varsla om skogbrannen. Brannvesenet fekk relativt rakst kontroll, men ca. 20 dekar skog og lyng blei svidd av. Rundt kl. 15.30 hadde dei kontroll, fortel Tore Nesbø til Fitjarposten, men dei må halda fram med ettersløkking nokre timar utover kvelden. Då Fitjarposten var på staden i kveld, rauk det i buskar og kratt, men brannvesenet pøste på med vatn.  I tillegg til Stord brannvesen fekk dei hjelp av ei møketankvogn frå Rydland Storfe. Nils Øyvind Rydland sprøytte gylle utover brannstaden, så her blir det nok ein oase om eit par år. 

Utrykningsleiar Trond Henriksen fortel at dei har eit beredskapssamarbeid med bøndene i bygda. Dette fungerte fint i ettermiddag, seier han. Det same gjorde samarbeidet med Stord brannvesen, som meinte det var gunstig å få utnytta utstyret sitt på denne måten. Trond Henriksen fortel òg at dei fekk uvurderleg hjelp av frivillige frå Dåfjorden i startfasen av brannen.