Brannen i området Storaleite/Stokkavatnet i Dåfjorden er no sløkt.

Det seier bransjef Tore Nesbø i Fitjar til fitjarposten.no. Han legg til at dei no driv med ettersløkking der det ulmar, og at dei kjem til å ha vakt i området nokre timar framover – til dei er trygge på at brannen ikkje blussar opp att.

Brannen vart meldt klokka 13:43 i dag. Og brannmannskap frå Fitjar,  Stord , Sveio og Flyplassen pluss frivillige har delteke i sløkkingsarbeidet.  

-Mannskapa og dei frivillige har gjort ein kjempejobb. Dette kunne ha utvikla seg til ein skikkeleg storbrann, meiner Nesbø.

Helikopter vart rekvirert og klargjort, men sløkkingsfolka gjorde ein så god jobb at det kunne avbestillast.

Mellom fem og ti mål er svidd av.

Sjå òg her og her.