Bøndene har ikkje vore utskjemde med godt skogavêr i vinter, før i det siste, og me møtte på ein godt fornøgd bonde i Rydlands-skogen i dag.

Bonden heiter Lars J. Rydland, og han hadde teke med seg traktor og motorsag til Valbergshaugen eit stykke vest for Dalsmyro. Her hadde han berre selskap av eit par svært nærsøkne raudstruper. Dei hoppa rundt han og hadde nok ingen grunn til å vera redde for folk. Og vonleg ville der vel vera brødsmuler å henta etter at Lars var ferdig med matpausen sin.

Me så lite tele i marka hadde ikkje Lars så mange stader å velja mellom når han måtte til skogs i vinter. Det er ikkje så stort prosjekt han held på med, men han reknar med å finna nok skurdtømmer her til å skjera bordkledning til gamleløa. Mykje av det han feller, er nok best eigna som ved, men den er og lett å få avsetnad på når ein har mange hus å varma opp. Om han er heldig, får han kjørt fram tømmeret medan det er frost. Eit lite lag med snø bør vera ideelt.