Barn- og ungdomslinja på Fitjar vgs har hektiske, men kjekke dagar for tida. På den eine sida jobbar dei med skodespel som skal framførast for barnehagane, og på den andre sida jobbast det med peparkakeby.

Skodespelet er på mange måtar laga på same leist som tidlegare spel av elevar på denne linja. Hovudtanken er å trekkje fram ei rekkje teikneserie- og eventyrfigurar og putte dei inn i den same historia. Me kan røpe at denne gongen er det Karius og Baktus som overraskar med peperkakefest, men korleis og kvifor vil borna få vite under framføringa.

Samstundes lagast det som peparkakehus. Barn- og ungdomsgruppa i år vonar at årets peparkakeby skal bli den største og beste peparkakebyen så langt hos Larsen.

– Me vonar no at folk vil utfordre kvarandre til å ta del i denne konkurransen. Det gjeld både skule/barnehagar og firma, og i år vil me òg sjølve bidra med bygningar for å få det heile i gang, seier lærar Sissel Jørgensen til fitjarposten.no.

Det heile startar supersøndagen 30. november, og det vert i år eigne premiar til både firma og barnehage/skular. 

– I år vonar me òg at me kan få auksjonert vekk heile peparkakebyen. Det må skje laurdag 20. november – alt til inntekt for born og eldre i Ukraina, legg Jørgensen til.

Ingressbilete: Barn- og ungdom ved Fitjar vgs anno 2014/2015. Foto: Håkon C. Hartvedt