Grete Marit Veka Maraas, ordførarkandidat Fitjar Senterparti og Jakob Bjelland, ordførarkandidat Stord Senterparti har sendt oss leserbrev om sjukehussaka.

 

Skjebnestund for Stord sjukehus

Regjeringa vil 23. oktober fremja nasjonal helse- og sjukehusplan. Helse- og omsorgsminister Bent Høie har tidlegare i år sagt at sjukehus med under 60 – 80 000 innbyggjarar i sitt opptaksområde vil ha for lite befolkningsgrunnlag til å oppretthalda tilbodet om akutt kirurgi. Dermed er Stord sjukehus for lite til å ha akuttberedskap i kirurgi om me skal tru på det som blir sagt. 

Senterpartiet er sterkt ueinig med Regjeringa i dette. Me meiner lokalsjukehus er nøydde å ha breiddekompetanse i både indremedisin, kirurgi og anestesi, og ha tilgang til både røntgen og laboratorietenester på døgnbasis. Å fjerne kirurgane frå akuttmottaka i distriktet vil skape mindre likeverdige helsetenester i landet. Dersom ein fjernar akuttkirurgi tilbodet, vil det svekke fagmiljøet så sterkt at lokalsjukehusa ikkje lenger vil rekruttera fagfolk.

25. august var Senterpartiet sin stortings- og helsepolitikar Kjersti Toppe på vitjing på Stord sjukehus saman med kandidatar frå Stord og Fitjar Senterparti. Me møtte tillitsvalde og leiing som uttrykte stor uro for kva som vil skje med akutt-funksjonen når sjukehusplanen vert handsama. Senterpartiet er klar på at Stord sjukehus fortsatt må vera eit fullverdig lokalsjukehus. Det er viktig for å sikra folk i Sunnhordland tilgong til nødvendig, kortreist helsehjelp ved både akutt sjukdom og planlagde behandlingar.

I samband med politireforma fekk våre lokale politikarar frå regjeringspartia lite gjennomslag for lokale ynskje. I Senterpartiet er me uroa for at det same vil skje i samband med sjukehusplanen. Om du ynskjer å ha sterke lokalpolitikarar som aldri vil gje seg i kampen for å halda på akuttkirurgi ved Stord sjukehus, og som har støtte i denne kampen frå stortingsgruppa, må du røysta Senterpartiet 14. september.

Jakob Bjelland, ordførarkandidat Stord Senterparti

Grete Marit Veka Maraas, ordførarkandidat Fitjar Senterparti