Fitjar Mekaniske Verkstad. Foto: FMV

Medan fleire av dei norske skipsverfta har tapt store summar på oljekrisa, er tala på plussida hos Oma Baatbyggeri og Fitjar Mekaniske Verksted.

Av: Cassandra Jespersen

Dette kan ein sjå i ei oversikt lagt fram av nettstaden Sysla. Dei har studert rekneskapet til tolv skipsverft i Norge, for perioden 2014 til 2018. Resultatet viser eit samla tap på 7,6 milliardar kroner før skatt.

– Det er ikkje nokon tvil om at verfta framleis er i ein omstillingsprosess, men eg er overraska over at tala er så raude, seier bransjesjef for maritim bransjeforeining i Norsk Industri, Lars Gørvell-Dahll, til sysla.no.

Oljeprisen fall kraftig i 2014, og med det stupte også etterspurnaden av offshore-skip.

– Mange av dei største tapa verfta har tatt, var grunna enkeltordrar som fall bort. Som for eksempel Kleven Verft, som tapte nærmare ein kvart million kroner på éin ordre, fortel Gørvell-Dahll til nettstaden.

Plusstal på øya

Av dei tolv verfta i oversikta til Sysla har sju gått med tap. Det største underskotet står Vard Group AS for, med eit tap på 5,2 milliardar.

Oma Baatbyggeri AS og Fitjar Mekaniske Verksted AS har derimot eit samla overskot i perioden 2014 til 2018 på høvesvis 29 og 89 millionar.

Lønsemda går ned og kombinert med dei store tapa, samt ingen, eller lav, eigekaptital, spås ei mørk framtid for fleire verft. Analytikar Anders Helseth kartlegg verftas økonomiske situasjon og utvikling, og har laga prognosar på tala for 2019 og 2020.

– Det er ingen sjølvfølge at verfta overlevar denne krisa. Mange av verfta er heilt avhengige av frisk eigekapital for å kunne hauste fruktene av dei læringskostnadane som har påløpt i omstillinga, seier Helseth til Sysla.

Med læringskostnadar siktar han til omstillinga som verfta har måtta gjere, frå bygging av offshore-skip til andre typar skip og ferjer.

Bransjesjefen har trua

Bransjesjefen, Gørvell-Dahll, er meir positivt innstilt til verftas framtid og skriv følgjande til Sysla i ein e-post.

– Mi tru er at verfta no har lært, dei har kome seg gjennom tøffe tak, og dei vil gjennom tøff innsats få svarte tal om ikkje lenge.

– Dei nærmaste åra vil gje mykje arbeid for å byggje om og byggje nytt for å redusere klimautslipp. Det vil gagne både verft og utstyrsleverandørane.