Førstkomande fredag vert det skipsdåp på FMV. Det er Lerøy sin «Lerøy Triton» som skal få flaska susande mot seg.

Det heile skjer klokka 17.00 på Fitjar Mekaniske Verksted. Heile båten, frå første stålplate, er bygt på Fitjar.

Fitjarfolk som ønskjer å ta turen ned for å sjå på dåpen, er hjarteleg velkomne, skriv Stein Gunnar Halleråker til fitjarposten.no.