Førstkomande laurdag blir nye «Vendla» døypt ved Fitjar Mekaniske Verksted.

Wärtsilä Ship Design på Fitjar har hatt ansvaret for design, og skroget er bygt i Polen.

«Vendla» har lege ved kai for utrusting på Fitjar Mekaniske Verksted sidan byrjinga av april.

Fitjarfolk som ønskjer å ta turen ned for å sjå nærmare på eit av dei mest moderne fiskefartøya i verda, er hjarteleg velkomne, seier Stein Gunnar Halleråker til fitjarposten.no.

Dåpen finn stad på Sveiseneset laurdag kl. 14.00.