Sist fredag vart FMV Bygg 205 «NUEN»  døypt ved FMV. Bygget er levert til Lerøy Vest.

-Bygget vart levert til avtalt tid og både reiar og båtbyggar er godt nøgd med prosjektgjennomføring og byggjeprosess, fortel Jan Thore Josdal ved FMV til fitjarposten.no

Lerøy Vest var representert ved Rune Engevik, Stian Hovland, Kjetil Aase, Ivar Ove Fagerbakke. Gudmor var Ida Berger Waage som er røktarlærling hos Lerøy Vest.

Overtakinga vart elles gjort med ein liten seremoni med Lerøy og FMV tilsette til stades på kaien, med etterfølgjande av kakespising i FMV-kantinen.

Det heile vart runda av med at Lerøy Vest og FMV si prosjektleiing fekk godmat på Geir Skeie sin restaurant, Brygga 11 på Stord.

 

Sylvester Stallone steroids