Håvard Fitjar og resten av Fitjar ungdomsråd vil skipa LAN, men treng fleire vakter. Foto: Kjetil Rydland.

Førstkomande helg blir det LAN i Fitjar kultur- og idrettsbygg, men arrangøren manglar framleis vakter, og Fitjar ungdomsråd vonar mange vaksne vil melda seg, slik at dei får gjennomført datatreffet sitt.

Fitjar ungdomsråd ynskjer å gjenta suksessen frå i mars, då dei skipa til LAN med 50-60 deltakarar i idrettshallen. Planlegginga er i full gang, og det neste er på plass, før LAN-et som, som skal opna fredag kveld klokka 21.00.

Arrangementsansvarleg for Fitjar ungdomsråd, Håvard Fitjar, fortel at mange ungdommar har spurt om dei kunne skipa LAN igjen, etter suksessen i mars. Datatreffet vil vera ope for ungdom frå heile Stordøya, og gjerne Bømlo og andre stader med, for årsklassane 2005–2001. Altså frå 8. klasse til og med 2. klasse i vidaregåande skule.

Det vil bli konkurransar med flotte premiar. Linkar til påmelding i Fortnite og CS:GO finn du på Facebook-sida til Fitjar ungdomsråd. Sparebanken Vest har gitt to gåvekort på 500 kr og eitt på 1000 kroner til dei beste dataspelarane.

Ungdomsrådet har fått god hjelp frå store firma i bygda med internett og straumskap. Både Fitjar Kraftlag, Engevik & Tislevoll og Total Betong stiller velvillig opp. LAN-arrangøren ventar og positivt svar frå andre store aktørar i bygda.

Kultursjef Bente Bjelland minner om at deltakarane bør ta med seg internettkabel sjølv; dei har ein del kablar til utlån for 50 kroner, men ikkje mange nok. Du får berre éin stikkontakt, så om du treng meir, må du ha me padde. Det er òg eit godt råd å ta med eigen stol.

Denne gongen blir det høve til å kjøpa frukost til både laurdag og søndag. Den må bestillast kvelden i førevegen

LAN-et opnar fredag kveld klokka 21.00 og varer til søndag klokka 11.30. Det er plass til 112 deltakarar, og interesserte kan melda seg på til prosjektleiar Håvard Fitjar på e-post haavard.fitjar@haugnett.no eller på mobiltelefon 97 97 99 72.

- Annonse -

Det praktiske er meir eller mindre på plass, og dei unge arrangørane er berre urolege for ein ting: – Klarer me å skaffa nok vakter?

Derfor etterlyser dei vaksne folk over 18 år som vil gjera ein dugnadsinnsats for at dei skal få til LAN-partyet sitt. Dei ønskjer kontakt med vaksne folk som vil ta fire timars vakter frå fredag 23. til søndag 25. november

Dei som vil stilla opp og gjera dugnad for ungdommen, eller kjenner nokon som vil vera vakt, kontakt Oda Volden Define på Facebook eller på +47 48 21 89 46.

Prosjektleiar Håvard Fitjar var den einaste me fekk augekontakt med då me var på nattleg besøk under LAN-et i mars. Foto: FP-arkiv/KR.