Stien som går opp til gravrøysa i Rimsvarden har no fått eit tydeleg og flott turskilt som syner veg.

Våren 2010 starta kommunen arbeidet med å gjera gravrøysa på toppen meir synleg, og stien opp er og blitt fiksa litt på. Til ny-opninga som var i mai 2010 vart det sett opp ei informasjonstavle ved røysa.

Mange har sakna skilt for å finna fram, og det er meininga at vegen til røysa skal verta skilta, slik at den vert meir tilgjengelege for folk flest. Første steg på vegen er det nye skiltet som har kome opp like ved der stien startar.

For å koma til gravrøysa på Rimsvarden tek ein utganspunkt i Rimbareid skule. Ein kan gå eller sykla dit eller køyra og så parkera ved skulen. Så må ein fylgja grusvegen oppover mot Storhaugen til fots. Ved dei første husa startar stien på venstre side av vegen. Etter nokre få minutt med bratt stigning er ein på toppen og har fantastisk flott utsyn mot både sentrum, fjell og sjø. Fitjarposten har tidlegare skrive både om fjerninga av sitkagran i Rimsvarden og nyopninga.