Aldri før har vel så mange delteke i fakkeltoget i samband med  julegrantenninga, som i år. Heller ikkje har så mange gått rundt juletreet på Tinghusplassen, rett etter at det var tent.

Alt i alt vart det skikkeleg julestemning i Fitjar sentrum i ettermiddag. Korpset spelte, ordførar Harald Rydland drog fram trekkspelet medan bror Tom song – og 4H-skilta med skikkelege, svartbrune, deilige, grilla pølser.

Hestane fekk småfolk på ryggen – og det var vaffelsal, quiz – og mykje folk rundt i butikkane òg.
Og først og fremst – ei flott sosial utestund, midt i mørketida.