Lokalet var stappfullt, stemninga høg og latteren laus då «Himmel og Hav» 2009 opna med god gamaldags bygdakveld i Brandasundtunet i går kveld.

«Himmel og Hav» i Brandasund er etterkvart blitt eit kjempearrangement, sjølv om det berre har vore arrangert ein gong før. Programmet som me la ut på denne nettsida for nokre dagar sidan, vitnar tydeleg nok om det.

Opninga i går kveld fann som nemnt stad i Brandasundtunet (gymsalen til tidlegare Kvarven skule) og allereie frå Audun Eidet opna med gitarspel i beste Chet Atkins-stil var godtonen på plass. Og både leiar i grendalaget, Leif Jan Waage, bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg og, ikkje minst, konferansieren, Rita Reppe, førte denne tonen vidare i eit så deilig uformelt, lunt og morosamt leige at det var berre til å slappe av, kosa seg og la latteren få sleppa seg laus.

I denne atmosfæren fekk òg fitjarbuane sleppa til. Både Ole Bergesen og Sølvi Nysæther/Sissel Jørgensen sine ablegøye-innslag fekk ikkje akkurat latteren til å tagna. Og ferjebillettøren blir me visst aldri lei av å sjå…

Elles var det vakkert fiolin-duettspel av Alise Jonassen og dottera Carina på 8 år, og nydeleg, svingande song av Kjersti Nilsen og heilt unge Rebekka Gåsland. Et fint innslag var òg diktlesinga med Gustav Rasmussen, som har skrive over 2000 morgonstev, og som her framførte eigne dikt.

I pausen opna så kunstutstillinga med flotte verk av Bjørg Strømme, Maren Sofie Strømme, Janne Robberstad, Sigurd Søreide og Tanja Huglen. Folksamt var det her òg.

Alt i alt ein skikkeleg bygdakveld, og eit vêr ute som det var fint å vera inne i.
Så gale var regnbygane at Ole Bergesen ikkje var sikker på om det var regn eller sjøsprøyt…