På sjølvaste julafta fekk me melding frå Øyvind Skålevik om fint skiføre på Vestbøstad.

Øyvind skriv:
So var det snø og skiføre på Fitjar igjen. På Vestbøstadbakkane har grunneigaren laga skispor i år også, til stas for alle som likar trim på snø, og i alle fall for dei som får lange pakkar til jul. No er det berre å smørja skiene og gå på tur.