Skiføret er bra på vegen frå Olstjødno til Svartavatnet, kan Fitjarposten konstatera etter ein tur i ettermiddag.

Sjølv om det ikkje ser så altfor lovande ut nede i låglandet, er skiføret bra når du nærmar deg Olstjødno. Og derfrå og opp til Svartavatnet er føret heilt ypparleg. Dessverre såg me berre ein skiløpar som hadde oppdaga kor fine forholda er. 

Om vêret held seg eit par dagar, vil me absolutt rå folk til å prøva skiføret. Det er lurast å kjøra til vassverket; då treng du ikkje bera skiene så langt før du kan ta dei på.