Fitjar Idrettslag inviterer til skidag på Reino førstkommande laurdag.

Idrettslaget er opptatt av å nytta vinterveret mens me har det. Derfor har dei bestemt seg for å invitera fitjarbuen til ski- og akedag på Vestbøstad laurdag kl. 12.00 til 15.00.

Geir Tore Søreide fortel at det blir servert varm drikke til store og små. Det blir tent bål for dei som vil grilla pølser. Og det vil bli arrangert langrennsløp og akekonkonkurranse, med mange premiar. 

Geir Tore i arrangementskomiteen har stor tru på at det blir ein kjempekjekk dag.