Fitjar Idrettslag arrangerer skidag på Reino førstkomande søndag kl. 13.

Idrettslaget fylgjer opp suksessen i frå i fjor og arrangerer skidag på Reino søndag 10. januar kl. 13.00.

Det blir same opplegg som i fjor med aking, skiløp for både små og store. Dei satsar på ei kort og ei litt lengre løype i år. Det blir bålpanner der dei koker kaffi og gløgg, og høve til grilling av pølser for dei som ønskjer det.