Gunn Evy varmar seg. Foto: Anne Helene S. Vestbøstad

Tysdag  25. november var klasse 5B og 6A ved Rimbareid skule til Sæterbø for å aka og stå på ski/snowboard.

Det var flotte forhold i bakken og elevane storkoste seg.  I matpausen var det tid for rykande varm kakao, tursjokolade og grilling av pølser for dei som ønska det.  Eit av høgdepunkta var fellesakinga med rundt 30 akebrett  på startstreken.

Tusen takk til foreldra som stilte opp med køyring til og frå slik at me fekk høve til å nytta oss av den siste dagen med snø for denne gong.

Gunn Evy varmar seg. Foto: Anne Helene S. Vestbøstad
Fellesaking. Foto: Anne Helene S. Vestbøstad
Fellesaking. Foto: Anne Helene S. Vestbøstad