Laurdag 14. februar inviterte Fitjar Idrettslag til ski- og akedag på Reino. Og folk støtta opp, her var nærmare 150 små og store samla til nokre kjekke og sosiale ettermiddagstimar.

 Været var flott, litt sol, opplett og passeleg kaldt, og ivrige arrangørar hadde fått preparert både ei skiløype på ca 500m, og fleire akebakkar. Start og målskilt kom på plass, nummerskilt til deltakarane, og premiar til alle som deltok. Det vart servert saft, gløgg, ”skogakaffi” og peparkaker, og mange av dei frammøtte grilla pølser på det tillaga bålet.

 Innsatsen var upåklagelig frå alle deltakarane. Når startskotet for skikonkurransen gjekk, vakna konkurranseinstinktet hos dei fleste, og dei la i veg. Utforkøyringa gjekk stort sett bra, og ingen store skadar vart observert.

Dei minste fekk starta først, og det var gruppa for dei frå 5 år og nedover. Her fekk fleire av deltakarane fylgje av ivrige foreldre rundt løypa. Alle hadde startnummer på brystet og vart premierte etter målpassering. Så gjekk det vidare med klassane 6-8 år, 9-10 år, 11-12 år, 13-14 år, damer og tilslutt herrar. Tydelegvis låg det litt prestisje i konkurransen, for me kunne ikkje sjå nokon som sparte seg. Her gav dei alt.

I akekonkurransen var det og premiar til alle. Då bar det utfor på akebrett og kjelkar, både einmanns og tomanns, og to eller tre i konkurranse om gangen.

Takk til arrangørane som laga til eit kjempekjekt arrangement denne laurdagen. Alle dei frammøtte såg ut til å kosa seg skikkeleg, og viss me er heldige og får så gode skiforhold på Fitjar igjen, håpar me at det kan bli fleire slike dagar i framtida.