-Små og store hadde funne fram skeisene sine for å kosa seg på den flotte skeisebanen som nokre ihuga sjeler i nærleiken av Varhaugsmyro har fått i stand med måking og legging av vatn, skriv Johan O. Sørfonn til fitjarposten.no

-Dette er ein bane som me vil nytta oss av så lenge me har denne fine vintertida, seier han vidare, før han til slutt legg til:

-På førstkommande søndag frå kl. 12.00  tek me sikte på å samla vaksne og born til ein flott skeisedag her oppe. Då kan me drøsa litt, skeisa og  kosa oss. Tar me med ei veakubbe, så kan me laga til eit lite bål for å svi oss ei pølse om ikkje anna.