Både Harald og Onar Westerheim henta heim skeisemedaljar under NM for veteranar på Valle Hovin i Oslo i helga.

Harald slo til med ein sterk 3000m med tida 5.10.21. Det heldt til ein sterk sølvmedalje. Onar oppnådde fire bronsemedaljar, og hadde desse resultata: 500m: 45.28 (bronse), 1000m 1.31.67 (4.-plass), 1500m 2.24.02 (bronse) og 3000m 4.59.69 (bronse). Han fekk òg bronse samanlagt.

– Stemnet samla rundt 75 deltakarar frå Tromsø i nord til Arendal i sør. Dei fleste deltakarane er i alderen 50 til 70 år. Det vart konkurrert i fem årsklassar, og det kan vera ein fordel å vera yngst i klassen. Det vert kåra NM-meistrar på einskilddistansar og samanlagt, og laurdag var alle samla til bankett, der «Kuppern» Johannesen var med, fortel Onar Westerheim.

Frå Stord deltok fire løparar: Onar Westerheim i klassen 60-64 år og Harald Westerheim, Jan Henriksen og Frank Einar Pedersen i klassen 65-69 år. Jan og Frank gjorde fleire gode prestasjonar, men nådde ikkje opp på pallen i den tøffe konkurransen i klassen. Med minimalt med istrening så langt var resultata likevel i overkant av det me kunne venta.

– No ser me fram til nye konkurransar både i inn- og utland. VM-Veteran sprint går i Heerenveen i slutten av februar medan allround-meisterskapen finn stad i Erfurt første helga i mars. I tillegg er det Veteranløp i Inzell og Berlin. I alle desse løpa vil det vera lokal deltaking, seier Onar Westerheim til slutt.