I dag skriv me 27.november, isen er trygg og mange nytta høvet til ein skeisetur.

Nils Vestbøstad fortel at det er fleire tiår sidan isen har vore trygg så tidleg på vinteren. Truleg måler han 15 cm. Me fekk og vite at vass-spegelen er utruleg stor no. Det er nok mange som har skeiseutstyret klart, då det var gode forhold på isen sist vinter. Eit godt råd til dei som vil skeise i morgon: Gå ned ved lysstolpen, elles kan ein trø gjennom, seier ein kjentmann.